I DET DJUPASTE
Som juvelar på innsida
ber vi dei vi har mista
Vi ber dei under huda
Usynlege for andre er dei
med i alt vi lever
Vi som har fått elska
veit kor det glitrar
ein stad der inne i
det djupaste i oss
Stille stille
ber vi vår rikdom
og sorg